søndag 22. april 2007

Noko å le tå...

Eg har blitt bitt tå YouTube basillen eg også, når eg egentli' sku rekna fysikk. Da ska eg gjer, må berre skriva dette innlegget først...

Rob Paravonian e' ein fyr som tar humor t' eit nytt nivå. Knall! Va Sigve, min tidlegare nabo, som har gjort sånn at eg fekk veta om denne fyren...
Friends-songen
Pachelbel's mest kjente stykke Dette stykket får du på hjernen viss du ser denne videoen, no e du advart.


Ja, humoren min basere seg bl.a. på musikk... Her e' noken fleire morsomheter...
Super Mario
Here it Goes Again
Evolution of Dance

Kos deg!

tirsdag 17. april 2007

Knekkebrød og andre skjønnlitterære tankar...

Reklamen for Wasa knekkebrød reklamerer med ”Du blir hva du spiser”. Det er enkelt å forstå innhaldet, slik det ofte er med slike slagord. Alle har vi erfaringar om korleis menneskekroppen fungerer, med primære behov som mat, drikke og søvn. Utan mat og drikke døyr kroppen og vi med. Visste du at forskarar har kome fram til at eit spebarn døyr; sjølv om det får mat, men manglar menneskeleg kontakt? No lurar du sikkert på kva dette maset om menneskekroppen har med litteratur å gjere, skjønnlitteratur for å vere meir presis, og det skal eg fortellje deg om ikkje så veldi lenge. Georg Brandes sa ein gong at god litteratur set tema under debatt. No skal eg fortelja deg litt om kva eg ser på som god skjønnlitteratur.

Du har kanskje ikkje tenkt over det, men forståelse for psyken til menneske og evna til å setta seg inn i andre sin situasjon er viktige egenskapar for oss. Skjønnlitteratur bør derfor ha som mål å opplyse menneske. I følgje Sigmund Freud må ein gå tilbake til oppveksten for å få ein vidare forståelse av kva som er grunnen til at ein person er blitt den han er. Denne teorien blir kallar for psykoanalysen. Mange forfattarar har blitt inspirert av Freud og har skrive romanar som skildrar oppvekst og menneske. Desse bøkene havnar ofte i "båsen" psykologisk-realisme, som var ein stilart mykje brukt i 30 åra og etter 2. Verdskrig. Sistnemnde periode såg til dømes på kvifor nokon vart nazistar og andre ikkje. Ei bok eg har fått lyst til å lese, då eg skreiv ein stil om denne perioden, er "Det store Veiskillet" skrive av Kåre Holt. Han har visstnok skrive på ein slik måte at vi får møte tre versjonar av ein og same person. Forfattaren let oss få sjå korleis ein person har moglegheit til å enda opp som "stripete", motstandsmann og nazist i tre forskjellege delar av romanen. Noko rotete moglegens, men eg syns det høyrest ganske interessant ut å lese. Forståing av andre er viktig og slike bøker kan moglegens berika oss og få oss til å innsjå at ei sak ofte har fleire sider. Verda er full av forskjellige menneske. Ei teskjei forståelse, to koppar innlevingsevne, tre knivsodd empati og eit smil er moglegens det som skal til for å åpne hjartedøra hos eit anna menneske.

Eg meinar at vi i dag kan ha godt av å få eit anna perspektiv på livet, når vi møter andre menneske kan dette vere nyttig. Filosofi er eit anna tema som har interessert menneske frå eldgamle tider. Sokrates og Aristoteles var menneske i gamle Grekenland, i dag Hellas, som vi får høyra om på skulen kvar gong eit fag tek opp tema som etikk og religion. Desse filosofane undra seg over kvar menneske kom frå og kven dei var. No i moderne tider har skulesystemet teke denne undringa til nye høgder, i fysikklæreplanen står det mellom anna at eleven skal undra seg over det eine og andre. Denne oppdaginga av undring er ikkje skulesystemet aleine om. I Noreg har vi i dag ein forfattar, Jostein Gaarder, som har sedd seg føre å opplyse og gjere ungdom og vaksne interesserte i filosofisk undring. Hans eigen forklaring på kvifor han skriv, er ganske enkelt at han undrar seg. Populære bøker han har skrive er ”Sofies Verden”, ”Kabalmysteriet”, ”Som i et speil, i en gåte” og ”Julemysteriet. Med desse bøkene får han vaksne, ungdom og moglegens born til å undra seg over eksistensielle spørsmål som ”Kvifor er eg her?”, ”Kven er eg?” og ”Kva er verda?”. Då eg las ”Kabalmysteriet", klarte eg ikkje å leggja frå meg boka før eg hadde lese heile. Det at Gaarder set filosofi inn i ein notidsperspektiv og let lesaren vera problemløysar, er fasinerande. Måten han skriv på får hjernen til å jobbe for fullt. Eg meiner at god skjønnlitteratur mellom anna får ein til å tenkja og undra seg over det enklaste i livet, som likevel er så djupt at ein aldri vert ferdig å undra seg. Det er jo ganske rart å leve, ein vert aldri utlært!

Eg meiner og trur at menneske er noko meir enn kropp, fasong, klede og hårfrisyre. Vi har noko åndeleg i oss. Ytre ting kan påverke korleis ein oppfører seg og kva ein seier og måten ein seier det på, men innerst inne har vi alle eit personleg ego som definerer den vi er. Alt ein les og høyrer i løpet av levetida fargar den personen ein er. Alle har vi eit ”EG” som kan komunisera med andre ”EG”, som vandrar rundt på denne kloden. Dette gjer ein med verkemiddel som empati og forsåelse for andre sin situasjon. Eg har og den oppfatninga at det åndelege i menneske treng mat. No vil eg bruka same metafor som Wasa sin knekkebrødreklame, ”maten” ein serverer ”EG”, formar kven ein er. Altså ”Du blir det du spiser” åndeleg sett. Det er ut i frå denne tankegangen eg har definere det eg ser på som god skjønnlitteratur. God skjønnlitteratur kan engasjere, opplyse og få menneske til å tenkja. Det er opp til kvar enkelt lesar sitt "EG" å bestemma om ein får den sorten ”mat”, som igjen gjev dei rette musklane til det åndelege menneske som bur i kvar og ein av oss. Nokon av oss vil moglegens ete knekkebrød heile livet. Eg derimot syns det er ganske så spennande å bevega meg ut i bøkenes verd å oppdaga kva ein kan finna der, om så berre for underhaldning. No skal eg lesa ei bok som heiter "Fritt Fall" skriven av Nick Hornby. Ganske enkelt fordi eg var så dum å spørje ein mann på bussen kva bok han las i, då han stillte seg bak meg i busskøen med ei bok i handa. Då fekk eg ei ganske grei oppsummering om kva boka handla om i same slengen. Han var ganske overbevisande og engasjert for boka han las... Eg har berre lese 36 sider og må sei meg enig med han, boka er morosam frå fyrste stund på ein sær måte. Ein berre MÅ finna ut kva som skjer vidare. Så det spørs om eg klare å halda meg til planen om berre å lesa på bussen. (Har ikkje tid til å lesa så mykje meir, i fritida, no i desse tentamenstider)

onsdag 11. april 2007

Depeche Mode


Eg har oppdaga ei "ny" gammal gruppe, den heite' Depeche Mode... Ei gruppa so' kom t' liv i 1980. Då dei kom va' dei ganske så populære og da e' dei moglegens endå, mange veit 'kje at da e' deira musikk dei høre på... Personal Jesus e' ein tå deira songa, so' mange andre har laga sin versjon av. Som til dømes Marilyn Manson, men den lage eg 'kje noke' link t'. Viss du vil sjå 'an får du finna 'an sjøl... (Har gått på radioen og e' med på singstar pop. Rett meg om eg tar feil.)
På radioen e' Depeche Mode aktuelle med songen Precious, den har du sikkert høyrd utan å veta ken da e so' har 'an... Eg syns da e' ein heilt grei song, men eg vil 'kje gje 'an terningskast 6.

Ka kan ein sei om musikkstil'n? Jau. Da e no litt sånn synth-pop. Gjennom mestepart'n av 80-tallet va' dei eit av dei fremste banda innanfor New Wave/New Romantic-sjangeren, i følge wikpedia.

Av dei songane eg har høyrd like eg best :

People Are People Denne songen snakke for seg sjøl, trur eg... Både video og song.
Shake The Disease Ikkje sjå på videoen berre høyr på musikken! Ka synge dei om?
See You Hehe... Noke sær og amputert video/song.
Walking In My Shoes Sær video, fengande melodi.

Em. Lyd og bildekvaliteten på detta e' 'kje så bra, men da får gå...

Har 'kje funne ut ka eg tenke og/eller meine om diverse teksta endå... Da vil eg gjene ha litt innspel på. Ka syns DU om tekstane?

mandag 9. april 2007

Make up your mind...


1. Tim. 2, 9-10.
9 På same måten vil eg at kvinnene skal ha ei fin framferd. Dei skal pynta seg med måte og forstand, ikkje med alle slags flettingar, gullsmykke, perler eller dyre klede, 10 men med gode gjerningar, slik det sømer seg for kvinner som vil leva etter Guds vilje.
Derfor møte du neppe på meg så sminka so' da bilde der. Ganske ubehageli' m' så mykje sminka, om eg ska sei' da sjøl. Fint va' da heller 'kje. (I virk'li'het'n va' da verre enn da ser ut på da bilde... Masse meir sminka enn da ser ut so'. Lure på kor mykje sminka skuespelara har på seg når da ser ut so' dei e' oversminka. Tankevekkar...) Smink m' måte og forstand. Då vil eg helle' vær pryda m' go'e gjerninga so' da står...
1. Tim. 2, 11-15.
11 Når ei kvinne tek imot læra, skal ho vera stille og underordna seg i eitt og alt. 12 Eg tillèt ikkje ei kvinne å undervisa eller bestemma over mannen; ho skal vera stille. 13 For Adam vart skapt først, og så Eva. 14 Og det var ikkje Adam som lét seg lokka. Men kvinna lét seg lokka og braut bodet. 15 Men ho skal bli frelst gjennom barnefødselen – berre dei held fast på tru, kjærleik og helging og lever som det sømer seg.
Hmm...
Noken tanka om detta?

søndag 8. april 2007

La Sangen Stige

I det høye og hellige
bor Herren Israels Gud.
Der freden råder og lyset regjerer
det hørest hellig, hellig er du.
For du har sagt i ditt ord
at du også vil bo i det
sønderknuste hjerte.
Så i ydmyk beundring
vi nå bøyer kne.
Vårt hjerte er vendt
til deg Herre.
(Jes 57,15)

La sangen stige, la tonene lyde.
La det høres over hele vårt land.
La Norge få se at Guds rike kommer når vi løfter opp ditt mektige navn. Til en harmoni som bare him'len kan skape.
Fra et folk som er bøyd under ham. Så stiger en lovsang som hellig erklærer:
Du er Herre over hele vårt land!
Farmor bur og farfar budde på Sunmøre nærmare bestemt på Kvamsøya. (Farfar e' 'kje meir, han sa farvel t denne jordå for meir enn 10 år sida.)
Dersom du e' go' i Norgesgeografi så kan du raskt finna ut at da tek ei stund å reisa frå Bergen t' Sunnmøre. Dvs. ein kjøre ut av Hordaland, gjennom Sogn og Fjordane og inn i Møre og Romsdal. Noko som tek bortimot 7 tima m' bil, eller 9-10 tima før vegen vart utbetra, viss ein sleppe fergekøa då... Ein må ta 3 ferge for å komma dit. Denne turen e' ganske long for ei utålmodi' sjel so' meg. Så for å sleppa maset/kranglinga, frå meg og mine kjære søsken i baksete, gjekk mamma og pappa t' innkjøpa av walkmann t' oss. Då kunne kvar og ein av oss høyra på den musikken me ønskte og dei slapp å høra på oss. Bortsett frå viss me song musikken me høyrde på då. Må ha vore ei landeplaga m' tre forskjellige songa samtidig og alle 3 like falske. Når ein 'kje høre ka ein synge vert da veldi' falskt. Tru du meg... Hihi. ;)
Kom t' poenget...
Denne songen hadde eg på min kassett so' eg høyrde på min walkmann. Ganske fantastisk å høyra på når du kjøre oppigjennom Vestlande' på den måt'n! Eg hadde egentli' gløymd den heilt, sidan tida for kassetta e' long gone. Uansett så song eg den på ei gudsteneste for 'kje så lenge sidan og då vart eg så gla'. Eg gjennoppdaga ein song eg hadde gløymd. Ein fantastisk song e' da. Viss du vil høra den songen så e' da då La Sangen Stige m' Bjørn Aslaksen. Go' songen!

onsdag 4. april 2007

Pappa e' no skjønn 'an...

Bilde e' 'kje av pappa viss du trudde da... Bilde e' av bamsen min sånn eg fann 'an når eg kom ner på romme mitt. Ja, sjale' e' festa skikk'li'. Ska da vær så ska da vær...:)
Sku' tru at pappa va' voks'n og 'kje leike m' bamsa, men i denne familien slutte ein viss aldri å leika og bra e' da. Eg fekk meg hvertfall ein go' latter då eg fann bamsen påkledd m' russehua og sjal i senga mi...
So' pappa seie: "Ein får aldri meir gøy enn ein lage sjøl..."

Eg e' enig m' 'an der;)