tirsdag 6. mai 2008

Mann på undergrunden...

Randi satt på undergrunden og skulle ta denne til Heathrow flyplass, London, Storbritania. Grunne til at ho satt der var for ho skulle heim til Noreg att med fly frå nettopp denne flyplassen.
No har det seg då sånn at ein på desse toga, tubene, undergrundene, t-banene, kva du no vil kalle dei, så sitter ein som oftast og ser ut i lufta på ingenting, sjølv om det er stufullt med folk der.Uskriven regel eller noko slikt... Dette er jo noko som er litt vanskelig å gjennomføre for Randi. Ho er alt for nyfiken og sitter derfor å ser rundt seg for å få med seg det som skjer på undergrunden. Det e' ikkje så ofte ho har moglegheten til å studere så mange nasjonalitetar, aldersgruppe og kulturar på ein plass. I lengden vert det litt keisamt å berre studere folk og få med seg inntrykka av dei, så då les ho kanskje litt i avisen til nabo'en eller på omslaget på boka til han som sitt tvers ovanfor. Viss ho føler seg endå meir vågal ser ho kanskje litt på folk og nikker og smiler til dei, for å sjå kva dei gjer og om ho får nokon reaksjon.

Randi sit framleis på undergrunden til Heathrow og gjer nettopp det som eg har beskrive over. På ein stopp kjem det ein pen mann inn med ein bok, og sit seg nesten tvers ovanfor ho. Tittelen på boka er skrive på ein notelinje. Randi sine sansar vert med eit skjerpa til tusen, kva bok les denne mannen? Det tar litt tid før ho klarer å lese tittelen, men ho klarer det til slutt, nett då oppdagar ho at ho er tatt på fersk gjerning i å glo, nettopp av han som held boka. Ups.... Randi har ikkje lagt merke til mannen før no, og det faktumet at han var veldi kjekk og hadde ein fint smil å presentere i det sekundet han avslører at Randi nettopp vart tatt på fersken i å lese på boka hans, gjer kanskje ikkje saken betre. Randi teller febrilsk kor mange stopp det er til ho skal bytte undergrunn, det er 9 stopp før ho skal av. Kor skal ho sjå no tru? Kvar gong ho ser i retning mannen tvers ovanfor med boka, smiler han sitt fine smil i retning ho. Følelsane, inne i ho, tilseier at fjeset nærmer seg meir og meir fargen på tomaten.

Dette vart kanskje litt i overkant spanande til å vere ein undergrund på veg til flyplassen. Ho prøver å sjå litt i golvet, litt i taket, litt over mannen, litt her og litt der. Men ho må jo sjekke om ho får augekontakt med han igjen, for det va ikkje så pinleg, eller? Joda, ho fekk augekontakt atter ein gong. Smilet var like fint no også, varma faktisk heilt ned i tåspissen. Så va det atter dette greiene med å føle seg som ein tomat, då såg ho på alt og ingenting litt sånn overalt til ho måtte teste om ho fekk augekontakt att... Noko ho fekk. Jaja. Berre eit stopp att tenkte Randi, dette går fint. Verre kan det ikkje bli. Mannen ved sidan av han med boka kjenner han tydligvis, for han seier noko til han med boka som ho ikkje skjønner. Mannen med boka svarer ikkje. Randi ser på han med boka att, han smiler framleis. Hmm. Det ser nesten ut som om han har tenkt å snakke med ho, men det er sikkert berre noko ho innbiller seg. Endelig, no seier dei over høgtalaren at dei er komen til den plassen der Randi skal skifte undergrund.No kan ho gå av... Han med boka skal også av her. Han tar av bre'et på boka i det han går forbi og seier: "Go and buy the book". Hadde det vore eit hol i golvet der Randi satt hadde ho stupt ned i det med hovudet først! Randi rødma så det gjekk an å sjå, så flau var ho. Ho visste på ingen måte kor ho skulle gjere av seg. Forvirra såg ho på mannen utan å sei eit ord, men ho tok i mot bre'et. Sidan ho fekk det måtte ho jo gå hen å kjøpe boka då ho kom på Heathrow.

Takk til mannen på undergrunden, som gav meg bre'et på boka si, og som smilte så fint til meg. Du gav meg ein oppleving som eg tvilsamt vil gløyme med det første... No håper eg verkeleg at boka du las i var bra:P