søndag 24. august 2008

Deg å få skoda.

Var på Gudsteneste i Nidarosdomen i dag, med to av dei eg bur i kollektiv med.
Utruleg fin kyrkje å gå på gudsteneste i dersom du like kyrkjeorgel.

Når dagens 3 born skulle døypast, song vi "Deg og få skoda" innimellom og før og etterpå dei vart døypte.
Syns det var veldi fint.
Så her er teksten på den, sef på nynorsk:)

1. Deg å få skoda er sæla å nå,

Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå;
ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!

2. Ver du min visdom, mi sanning og trøyst,
tal du det levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg.
Kom til meg, Herre, ja, bu du i meg!

3. Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd;
ver du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

4. Rikdom og ære som menneske gjev,
er ikkje meir enn den morknande vev.
Du er min arv som varer til sist,
himmelske konge, det veit eg for visst.

5. Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skoda din herlegdom der.

torsdag 7. august 2008

Då er det faktisk realitet; eg har flytta til Trondheim.

Den siste veka har eg vore deltakande på eit oppfriskingskurs i matematikk, og meir skal det bli.
Det er ikkje ferdi før på lørdag og på mandag byrjar studielivet for fullt med immatrikulering.

Så her bur då altså eg.
Eg står i døra til rommet mitt, det er då minder enn 7 kvm, men eg syns eg har fått det ganske så fint her oppe:)

Dette er då tatt fra det hjørnet med takvinduet.

Utrulig ka ein kan få plass til på 7 kvm, og kor koslig det kan bli.