fredag 19. september 2008

Trondheim.

Då kjem det ein etterlengta, liten oppdatering her, live frå Trondheim.

Sidan sist har eg vore på bli kjent weekend med laget, 5-7 sept, på Vassfjellet. Ein plass som er velfortent navnet sitt. Det var vått å gå, for der var myrlendt terreng...Turen inneholdt både natur, møter, sosialt, mat og spel.Ein av dei tinga som opptok tida mi, då eg burde lagt på mine laubær og sove, var spel. Som den Rønnestadværingen eg er, høyrer spel med til både kvardag og fest. På lagsweekenden vart eg introdusert for Robo Rally og Mao. Den som ikkje har vore borti brettspelet Robo Rally og kortspelet Mao har gått glipp av noko. Robo Rally vil hos nokon påstås å vær eit spel for dei på "gløs", noko eg er heilt enig i, det går trass alt ut på å programmera robotar... Det er kanskje ikkje så rart at dette fall i smak, då eg er ein av dei på "gløs" sjølv.Appropo spel så resulterte dette i ein spelkveld den påfølgande helga.
Der Junta blei oppdaga, for min del, og spelt av hjartans lyst. Etter at Martin vant i Junta for fyrste gong i hans "Junta-karriere", spelte me ein runde med Mao. Atter ein gong var dette spelet ein vinnar, sjølv om augene var begynt å bli små.

Ein anna milipæler i livet mitt er:
- Linjeforeninga Sct. Omega borderskab tok meg opp som syster den 12.sept kl: 00:09, eller noko i den dur.

Trondheim er ein flott by!

Over.