onsdag 23. januar 2013

Smittsomt humør

 Vi forstod ganske raskt at jobben hennar var vikig, ho hadde fri ei veke i starten av semesteret. Søppelbøtta blei overfull, golvet fullt av grus og ein del hadde kaffiflekker på skrivebordet. Det var ikkje så veldig hyggelig. Det å få tak i vaskesaker på NTNU når du ikkje er ansatt som reinholder er jo gløymesak. Noke kunne ein jo få fiksa med papirhåndklær og vatn, men søppelbøtta blei jo ikkje mindre full av den grunn. Heldigvis hadde ho berre ei veke fri...

Kvar tirsdag og torsdag kjem ho innom kontoret mitt og spør om ho forstyrrer. Så lurer ho gjerne på om vi trenger å få tørka litt støv, deretter feier ho kjapt over golvet før ho bytter ut posen i søppelbøtta. Andre dager møter eg på ho i eit av dei store gangareala, på veg ein eller anna plass med vasketralla. Alltid like smilande og blid.

Det denne dama kanskje ikkje veit er at ein av dei viktigste delene med jobben hennar er ikkje det at ho vasker slik at det blir reint, men at ho ser dei menneska ho møter på i løpet av dagen. Ho helser og smiler, nynner ein melodi eller slår av ein prat med oss som ho møter på når ho gjer jobben sin.

Godt humør er like smittsomt som dårlig, så korfor ikkje gå rundt å prøve å smitte folk med eit smil? =)



1 kommentar:

Regine sa...

Ja, det er effektivt å få andre til å smile og være glad med å være det selv :)